MED:
GJERMUND KVERNMO, Energirådgjevar
JANNICKE LINDVIK, Marknadskonsulent
MONICA BRANDSØY LYSTAD, Miljøfyrtårnkonsulent
SOGN OG FJORDANE ENERGI
PRODUSERT AV:
Pandora Film, Bergen
FOR:
framtidsfylket.no
- Året som Framtidsfylket Trainee var fantastisk interessant og lærerikt. Og derfor er vi kjempeglade for å få jobbe videre her i Sogn og Fjordane Energi, seier Jannicke og Monica.
Jannicke Lindvik e frå Ski i Akershus. Ho hadde sett for seg ein marknadsjobb på Austlandet etter at ho var ferdig med studiar i Bergen, men i staden blei ho trainee i Sogn og Fjordane Energi på Sandane.
– Ein marknadsjobb i eit energiselskap på Vestlandet er fjernt frå kva eg hadde sett for meg, men då eg vart tipsa om traineestillinga blei det til at eg søkte. Og då eg kom på intervju var eg overtydd om at eg måtte gripe denne sjansen.
Jannicke, som har bachelor i marknadsføring frå BI, såg føre seg energibransjen som tung og “grå”, og lite aktuell for hennar kompetanse, men her tok ho feil.
Både jobben som marknadskonsulent og opplegget med traineeordninga gjorde at året som trainee ble heilt unikt. I tillegg til at jobben var svært lærerik, gjorde opplegget med traineeane frå dei andre bedriftene og fokuset på å bli kjend med næringslivet i fylket at dette året blei utruleg kjekt og interessant.
- Året som trainee gav meg ein kjempesjanse, og eg trur at næringslivet i Sogn og Fjordane gjennom traineeordninga kan by på mange spennande arbeidsplassar for unge med høg utdanning. Det er kanskje her at nyutdanna kan få dei gode moglegheitane fordi det blir satsa meir på kvar enkelt tilsett.
Jannicke kan padle til jobb. Ho og mannen har kjøpt seg draumehuset heilt i sjøkanten, ikkje så langt frå SFE. Der kan dei fiske middagen frå hagen. Billig middag, og i tillegg er huset langt billigare enn det dei måtte ha betalt for tilsvarande hus og tomt i meir tettbygd strøk.
Mannen, Frode Lindvik som opphavleg er frå Eid, er fabrikksjef i Strukturplast på Sandane. Han og Jannicke har ei lita dotter og det var ikkje vanskeleg å få barnehageplass straks dei ønskte det. Jannicke synest dei har ein god, enkel kvardag. Og det at begge har jobbar som gjev dei utfordringar og utvikling gjer dette livet så perfekt. Jannicke har gått over i ei stilling som kommunikasjonsrådgjevar i SFE.
- Vi har fått oss ein nydeleg bustad, det er kort vei til barnehagen, butikken og jobben. Aldri bilkø, enkel parkering og i tillegg ein kompetansejobb som er relevant for utdanninga mi, og som eg trivst med. Hadde fleire visst om livskvaliteten ein kan oppnå her, ville fleire ha gjort som oss og flytta til Sogn og Fjordane, seier den fornøgde austlendingen.
Monica Brandsøy Lystad er frå Florø og utdanna siviløkonom med marknadsføring som hovudfag.
Ho har nå fått fast jobb i Sogn og Fjordane Energi og jobbar med marknadsføring og som miljøfyrtårnkonsulent. Også Monica har vore Framtidsfylket Trainee i SFE. Det året fekk ho eit utruleg godt inntrykk av arbeidsplassen og stortrivst framleis.
- Nå har eg fått meg sambuar som også jobbar her, me har kjøpt oss hus her på Sandane – ti minutt å gå frå jobben - og her blir me verande, seier Monica.
Monica er svært aktiv på fritida, og utfrå Sandane får ho høve til å utøva dei aktivitetane ho likar. Det kan vera fjellturar sommar som vinter, jakt i helgene, badminton, fotball eller å bruke eit av dei skisentra i nærheita – helst Harpefossen på Eid.
Sykkel og energi er stikkorda for kvifor nåverande Framtidsfylket Trainee, Gjermund Kvernmo, er på Sandane i Gloppen. Han er ivrig offroadsyklist og oppsøker dei høgaste fjell for så å kunne sykle ned igjen.
Av utdanning har han bachelor i elektronikk og mastergrad i miljøfysikk og fornybar energi. Energiske Gjermund ville jobba med energi og då helst i eit geografisk område der han kan trivast også i fritida.
- Her har jeg bare 5 minutter å gå hjem fra jobb, skifter klær og så rett opp på ett av de mange fjella her. Tidligere kunne jeg ta slike turer bare i helgene, nå kan jeg gjøre det hver dag, seier Gjermund.
Han jobbar med energianalyse og energimerking av bygg. Gjermund har ei trainee-stilling som energirådgjevar i Sogn og Fjordane Energi. Ved å bruka elektroniske husteikningar og gjera målingar sjølv i husa finn han ut kor mykje energi som går inn i huset og kor mykje som går ut. Det kjekke med jobben er kombinasjonen av data/kontorarbeid og det å vera ute i felten, seier Gjermund.
Han skryt av arbeidsmiljøet:
- Her kan alle spøke med alle. Det er god takhøyde og ingen autoritære sjefer. Og på fritiden er det lett å få kontakt med folk. Det er lettere å snakke med kassadama på Rema her enn hjemme i Fredrikstad, seier single Gjermund.
Det hender at han er innom Oslo. Då blir han slått av kor mykje ein må stå i kø i storbyen. Gjermund skryt av kor billeg det er å få seg husvære med god plass i Sandane.
Han har fått tilbod om jobb i Oslo, og eit uformelt tilbod om jobb også i Afrika. Men han føretrekkjer Sandane. Der håper han å kunna vera også etter at traineeåret er slutt.
- Dette er det stedet jeg ville ha valgt uansett. Her har jeg de mulighetene jeg ønsker å ha!