PRODUSERT AV:
Pandora Film, Bergen
FOR:
framtidsfylket.no
- Ti år med stress og køar i Oslo var nok. Her heime i Sogndal får me meir tid til å fokusera både på jobb og privatliv.
- Eg klarer å ete ei skive med syltetøy og drikka juice utan å tenkja tal og millionar, seier Bernt Bergheim.
Men jobben i Lerum engasjerer og er interessant. Etter ti år i Oslo kom han heim igjen til Sogndal og har vore økonomidirektør i Lerum sidan 2005. Før det jobba han i ErgoGroup og Pricewaterhouse Coopers i Oslo. Bernt Bergheim har solid utdanning som siviløkonom frå BI og statsautorisert revisor ved NHH.
Bernt Bergheim ser på dataskjermen sin og seier at han der kan følgja med på alt som skjer kvart minutt i produksjonen i dei to fabrikkane dei har i Sogndal og Kaupanger. Lerum har ei årsomsetning på 450 mill.kr.
Han budde ti år i Oslo, men han og kona fekk nok av stress og lite fritid. Kona, Karianne Brøndbo Bergheim frå Halden er også siviløkonom og statsautorisert revisor. Sjølv om dei altså har lik utdanning, har dei begge funne relevante, interessante jobbar i Sogndal. Karianne er dekan for økonomifaga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho nektar for at det er karrierenederlag å forlate jobben i eitt av dei store konsulent- og revisorselskapa i Oslo, Arthur Andersen og flytte til Sogndal.
- Det er absolutt relevante jobbmuligheter her også. Jeg har fått flere interessante jobbtilbud her i Sogndal, så det er mange muligheter for folk med god utdannelse også her.
Les meir på framtidsfylket.no