Fjellfolk. Program 1 av 4.

I serien "Fjellfolk" møter vi menneske som ikkje skil seg så mykje frå den jamne nordmann, men som treng fjell, vidder og luft rundt tankane for å kjenne at livet er godt.

Frå i kveld kan du over fire episodar bli kjend med menneske som meiner det å koma seg ut i det fri er det vikigaste i livet. Dei ofrar mykje anna for å lytte til det dei fleste nordmenn har djupt inni seg – dragninga mot fjell og fri luft.

I serien møter vi fire personar og ein famlilie i kvar episode. Nokre av dei lever av å vere i fjellet, andre lever berre for det.

Fjellfolka er:
• Kjell Nyøygard (41) – Reinsgjetar, fjellførar og jeger med eit livslangt kjærleiksforhold til Jotunheimen og heimefjella sine i Lom.
• Sigrid Henjum (28) – kajakkpadlar, klatrar, skiløpar, kokk, jeger og eventyrar. Likar å leike der der er kaldt, bratt, høgt og luftig.
• Solbjørg Kvålshaugen (46) – hjarte, sjel og vertinne på turisthytta Fondsbu på Eidsbugarden.
• Familien Krüger/Getsch – Ralph (40), Katja (38), Ronja (10) og Svenja (4) har flytta til Norge frå Tyskland på leiting etter frisk luft og det gode liv. Dei meiner dei har funne det.
• Andreas Haslestad (38) – ein av norges mest etterspurte førarar på fjell, snø og bre. Familiemann som gjer det han kan for å vere ein god far i eit omflakkande tilvære.

Vi følgjer dei frå seinsommar til vinter, gjennom utfordringar, uver, små gleder, store adrenalinrush og slåande naturopplevingar.

Ikkje alt går som planlagt, og i fjellet kan mykje gå på tverke, men det viktigaste for dei er uansett å kome seg ut. Til bålrøyk, utallige høgdemeter, utsikt og nedfartar i mange variantar.

Vi ser også korleis dei balanserer liva sine, for alle har i større og mindre grad eit heimeliv dei må ta omsyn til.

Eigenproduksjon
Prosjektleiar: Roy Raasholm Fauske
Kontaktadresse presse: presse@nrk.no
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900

Loading more stuff…

Hmm…it looks like things are taking a while to load. Try again?

Loading videos…